Karnilstunet

Karnilstunet Karnilstunet vert styrt av stiftingsstyret som har som oppgåve å ta vare på tunet og sikre dette til bruk for ålmenta.

Grannelaget på Hauge, Gloppen bondelag, Gloppen sogelag, Gloppen bygdekvinnelag og Gloppen kommune sit i styret. Karnilstunet er på garden Hauge, to kilometer vest for kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Tunet er ein av gardane som vart skilt ut frå den gamle storgarden Hauge (og senere Indre Hauge). Navnet Karnils er en lokal dialektisk variant eller kallenavn av Korneli

us. Garden var i på slutten av 1500-tallet ein lensmansgard. Den fyrste Kornelius tok over garden i 1744, og generasjonane med bønder som kom etter skifta mellom Kornelius og Eirik/Erik heilt til den siste Kornelius Hauge som døyde ugift i 1988. Han etterlet garden til amerikanske slektninger som igjen let «Stiftinga Karnilstunet» overta. Styret i stiftinga er sett saman av representantar frå kommunen, Nordfjord folkemuseum, Gloppen Bondelag, Gloppen Bygdekvinnelag, Gloppen sogelag og grannelaget. Målet til stiftinga er å få garden til å vere ein levande stad med aktivitet, og samtidig stå for vedlikehald og å skaffe midler til dette. Hovudhuset har vore leigd ut til danske billedkunstnarar som har budd på garden for å få inspirasjon og nye impulsar. Utsikta frå gardtunet til dei flotte fjellrike naturområde rundt fjorden har gått att i bileta frå kunstnarane som har budd her.

Kommande laurdag, 12. april kl. 11 arrangerar vi dugnad i Karnilstunet. Mange varierte oppgåver: rydde, vaske, snekre ++...
09/04/2025

Kommande laurdag, 12. april kl. 11 arrangerar vi dugnad i Karnilstunet.

Mange varierte oppgåver: rydde, vaske, snekre ++

Ta gjerne med vaskebøtte og kost.

Det vert enkel servering, kaffi med noko attåt.

Adresse

Indre Hauge
Sandane
6823

Telefon

+4748000388

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Karnilstunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del