21/08/2026
Tenkjer du nokon gong på kor maten du et kjem frå?
Me kan sjå på den korte historia – kor maten er dyrka, kven som er produsent og kor han er seld. Men me kan også sjå mykje lenger tilbake. Korleis oppstod maten me et? Kvifor dyrkar me akkurat desse sortane, og kvifor held me akkurat desse husdyra?
Det ligg utruleg mykje historie, kultur og kunnskap i maten vår.
Landbruket har blitt meir moderne og effektivt. Me kan produsere mykje meir mat på mindre areal enn før. Det er jo mest litt magisk. Men det finst eit men.
Kva skjedde med alle sortane me dyrka før? Og alle dei gamle husdyrrasane? Dei gamle sortane og rasane har eigenskapar som gjennom generasjonar har blitt tilpassa klimaet, jorda og terrenget der dei høyrer heime. Når stadig færre sortar og rasar står for stadig meir av matproduksjonen, mistar me også noko av dette mangfaldet.
Eg ser det heilt konkret sjølv. I år har eg sådd tre ulike sortar kålrabi. Dei veks ulikt, dei smakar ulikt – og sorten som gjorde det best i fjor, er ikkje nødvendigvis den som blir best i år. Det er kanskje eit lite eksempel, men det viser noko viktig: Me bør ikkje legge alle egga i same korga.
Det same gjeld husdyra våre. Me har fleire gamle norske husdyrrasar som i dag er bevaringsverdige. Vestlandsk raudkolle er ein av dei. Ein liten, nøysam ku som er utvikla for vestlandske forhold, og som har andre eigenskapar enn dei moderne rasane. Melka er til dømes ulik mellom rasane.
Når ein byrjar å sjå på maten på denne måten, blir spørsmålet om kvar maten kjem frå mykje større enn berre kilometer frå garden til butikken. Det handlar om kva slags planter, dyr og kunnskap me ønskjer å ta med oss vidare.
Eit større mangfald gir oss fleire bein å stå på. Difor meiner eg det betyr noko kva mat me vel. Når du kjøper lokal mat, økologisk mat, gamle plantesortar eller produkt frå bevaringsverdige husdyrrasar, kjøper du ikkje berre mat. Du er også med på å styrke biomangfoldet.
Og kanskje bør me bli flinkare til å betale for mat som det ligg mykje arbeid, tid og omtanke bak. Kanskje kastar me litt mindre når maten ikkje blir behandla som ei billig forbruksvare.
Maten me vel i dag, er også med på å bestemme kva mat me har å velje mellom i framtida.
Til slutt kjem eg med eit boktips! Økologisk Norge si bok «Spis det, ikke mist det» kokeboka for biomangfoldet.