Ølmheim siderhage

Ølmheim siderhage Sider frå Sogn Kom til oss og nyt livet i sommar! Me har sidersmaking kl 16 måndag-laurdag heile sommaren, frå og med måndag 13. mai.

Då får du:

🍎 Mottaking under tuntreet
🍎 Omvisning i siderhuset og siderkjellaren
🍎 Smaksprøvar undervegs
🍎 Innblikk i moderne siderproduksjon
🍎 Smaking av tre sortar sider i den vakre beststova frå 1800-talet
🍎 Avslutning med signaturdrinken vår, laga med vår eigen eplesaft
🍎 Moglegheit for å handle i gardsutsalet

Smakinga tek om lag 1,5 time

Book i lenka i bio eller berre møt opp kl 16. Me stå

r klare til å ta godt imot deg! Du finn oss midt melllom Sogndal og Leikanger, i Norafjordvegen 977. Gardsutsalet er ope mån-fre 8.30-20 og laurdag 08.30-18

Me er heldige å samarbeide med fantastiske Chef Mantas Vaidelis på Hotel Aurlandsfjord/Norways best💛I sommar parar han s...
27/05/2026

Me er heldige å samarbeide med fantastiske Chef Mantas Vaidelis på Hotel Aurlandsfjord/Norways best💛

I sommar parar han sideren vår med smakar frå fjordane, fjella og dalane våre i Sogn. Me anbefalar eit besøk hjå restaurant Kest på det varmaste!

Akutt pizzakveld fredag 15. mai!Me klara ikkje å venta til 29., så me køyrer på med pizzarestaurant allereie fredag denn...
14/05/2026

Akutt pizzakveld fredag 15. mai!

Me klara ikkje å venta til 29., så me køyrer på med pizzarestaurant allereie fredag denne veka🎉😎

For 700 får du vedfyrt pizza og 3 glas sider eller alkoholfritt! Me sel både eigenprodusert drikke og øl utanom.

Bli med på omvisning kl 17.30 eller kom rett til pizza frå 18 og utover. Dørene stenger kl 22.

Ingen drop-in! Få plassar. Bordbestilling til Sigrid: [email protected] / 97534382

Hjartleg velkomen!

Velkomen til ein kjekk handel i utsalet vårt! Me har fyllt opp med masse varer til langhelga, både med og utan alkohol. ...
11/05/2026

Velkomen til ein kjekk handel i utsalet vårt! Me har fyllt opp med masse varer til langhelga, både med og utan alkohol.

Utsalet er stengt torsdag og søndag, men det sjølvbetente kjøleskåpet er ope døgnet rundt. Plukk varer sjølv og betal med vipps😘

Anbefalar særleg dei alkoholfrie flaskene med musserande eple.

Nyheit! Denne alkoholfrie drikken er endeleg tilbake💫 Mine damer og herrar:Musserande eple med rips og rosmarin🌱🍎Både de...
30/04/2026

Nyheit! Denne alkoholfrie drikken er endeleg tilbake💫 Mine damer og herrar:

Musserande eple med rips og rosmarin🌱🍎

Både denne og varianten med berre eple er å få kjøpt i gardsutsalet. Utsalet er ope alle dagar som ikkje er raude. Velkomen!

Ta sommarfesten hjå oss! Her får de digg mat og drikke, nydelege omgjevnader tett på eplehagen og siderproduksjonen og i...
24/04/2026

Ta sommarfesten hjå oss!

Her får de digg mat og drikke, nydelege omgjevnader tett på eplehagen og siderproduksjonen og ikkje minst eit hyggeleg vertskap☺️

Me tilpassar opplegger etter kva de ønskjer. Ta kontakt på 97534382 (Sigrid) eller [email protected]

Dette blir stas!
18/04/2026

Dette blir stas!

Sogn sider- og matfestival🍎🧀

Saman med Studenthuset Meieriet og Saman inviterer me til ein smakoppleving i Fjøra. Meir info kjem, hald av datoen 30. mai i mellomtida!

Me gler oss! Kjem du?

No kjem me! Dei neste vekene tek me med smaksprøvar til Bergen, Oslo og Hardanger. Og me har sjølvsagt lyst til å sjå de...
09/04/2026

No kjem me! Dei neste vekene tek me med smaksprøvar til Bergen, Oslo og Hardanger. Og me har sjølvsagt lyst til å sjå deg der!

🍎 Cognac og bobler, 11. april på Hotel Norge i Bergen
🍎 Smak:Vin 18. april i Tollgaarden i Oslo
🍎 Hardanger internasjonale siderfest 7.-9. mai. Sjekk programmet! Her blir det både sidermiddag på Utne hotel, med sider frå oss og Alde, og det blir ein sydande publikumsdag med smaksprøvar og moro.

Me gler oss til å sjå dykk!

❤️🍎❤️
18/01/2026

❤️🍎❤️

Me er i finalen til smaken av Sogn! 🎉💥❤️ Så fantastisk det er å bli verdsett på denne måten. Tusen takk til alle som vel...
06/01/2026

Me er i finalen til smaken av Sogn! 🎉💥❤️

Så fantastisk det er å bli verdsett på denne måten. Tusen takk til alle som vel sideren vår på polet eller i baren, som handlar i gardsutsalet og som vil vera gjester hjå oss.

Det er heilt rått at ideen vår om å bruka dei fantastiske epla me har i Sogn til å laga sider på ein sakte, natuleg måte er teken så godt imot. Dette er berre starten, og me gler oss!

Adresse

Norafjordvegen 977
Slinde
6859

Åpningstider

Mandag 08:30 - 20:00
Tirsdag 08:30 - 20:00
Onsdag 08:30 - 20:00
Torsdag 08:30 - 20:00
Fredag 08:30 - 20:00
Lørdag 08:30 - 18:00

Telefon

+4797534382

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ølmheim siderhage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ølmheim siderhage:

Del