20/07/2026
Triste nyheter 🥺
Ta turen innom LITTBONDE - STAVANGER og støtt opp de lokale 🥰
💔30 dagar. Det var alt vi fekk. Det er med tungt hjarte vi må dele at LITTBONDE i Stavanger natt har hatt innbrot. Ei stor takk til Stavanger politiet for rask utrykking, god oppfølging og profesjonell hjelp.
Berre 30 dagar etter opninga vart draumen vår ramma. Ein butikk som er bygd opp med lange arbeidsdagar, mykje eigeninnsats og eit stort ønske om å skape noko fint for lokalmiljøet, har allereie opplevd det vi håpa aldri skulle skje.
Det gjer vondt å sjå. Ikkje berre fordi det kostar pengar å reparere, men fordi nokon bevisst har valt å øydeleggje for ein liten, lokal butikk som berre prøver å skape liv i Pedersgata og tilby gode norske varer.
Dette er ekstra tungt for oss. Vi er framleis heilt i starten, og slike uventa kostnader er det siste ein nyopna butikk treng. Kvar krone tel når ein byggjer opp noko frå botnen av.
Likevel skal vi ikkje la dette stoppe oss.
Vi held ope som vanleg i morgon, og vi håpar de vil ta turen innom. Det vil bety utruleg mykje for oss akkurat no.
I morgon får vi inn ferske norske jordbær frå Mosterøy, saman med ferske grønsaker. Butikken er fylt opp, og vi ønskjer framleis å gi dykk den same gode opplevinga som før.
Dersom de har høve til å handle hos oss dei næraste dagane, eller dele dette innlegget, betyr det meir enn de kanskje trur. Støtta frå lokalsamfunnet er det som gjer at små butikkar kan reise seg igjen etter slike hendingar.
Tusen takk til alle som har sendt meldingar, ringt og vist omtanke i dag. Det varmar meir enn de anar.
Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne i morgon💚 10:00-18:00
(Vi ønskjer òg å informere om at vi ikkje kjem til å gi ytterlegare kommentarar til pressa eller media utover det som står skrive i dette innlegget).