Skarbø Gard

Skarbø Gard Skarbø er ein tradisjonsrik, familiedriven vestlandsgard som ligg ved fjorden på Stranda. Du finn alle produkta på Skarbø Landhandel i Stranda sentrum.

I meieriet ystar vi av fersk mjølk frå eigne kyr og i sideriet lagar vi edle dråpar av nypressa eple.

Vi rundar av ein sprudlande og hektisk sommarsesong i Skarbø Sideri & Landhandel i morgon laurdag med eit stort lass nyb...
21/08/2026

Vi rundar av ein sprudlande og hektisk sommarsesong i Skarbø Sideri & Landhandel i morgon laurdag med eit stort lass nybaka kanelbollar, og god drikke i mange former 🥮☕️🍎 I vente på epla har vi plukka og pressa bringebær, rips og moreller, vi seier ikkje meir 🍒 Kl 15:30 køyrer vi siste Sidersmaking m/tapas for i sommar, og du kan melde deg på anten på nettsida vår eller i butikken fram til kl 12 🍏🧀🥓

Neste veke og framover i haust vil landhandelen vere open laurdagar, og kanskje litt til. Så snart det byrjar å bugne i eplehagen, kan du handle nydelege, økologiske eple 🍏 Det er berre å følgje med 🍎

Tusen takk for i sommar og velkomen! ☀️🌦️🌧️😃

Endeleg: Paradis på store flasker igjen! 🍏🍎🍏 Vi har sluppe eit lite parti ufiltrert, perlande Paradis 🌿 Du får den på la...
17/08/2026

Endeleg: Paradis på store flasker igjen! 🍏🍎🍏 Vi har sluppe eit lite parti ufiltrert, perlande Paradis 🌿 Du får den på landhandelen, open 11-17 heile denne veka også 😎☀️ Velkomen innom! 🌸

16/08/2026

Første eplet er plukka 🍎 Dette er sorten Close - ein krisp seinsommarsort som er nydeleg både til eplemos og kake 🥮 Og ikkje minst herleg å smake årets første friske frukt! Gled deg til hausten - det er mykje godt i vente 🍏❤️🍎

Ferske kanelsnurrar og mykje anna godt i Skarbø Sideri & Landhandel - kom innom for litt deileg påfyll under Stranda Fjo...
15/08/2026

Ferske kanelsnurrar og mykje anna godt i Skarbø Sideri & Landhandel - kom innom for litt deileg påfyll under Stranda Fjord Trail Race ☕️🍎🧀🥓

07/08/2026

Blir du med på ei smaksoppleving i Skarbø Sideri & Landhandel? 🍎🧀🥓 Kvar tysdag - laurdag kl 15:30 dei neste augustvekene er du hjarteleg velkomen ❤️ Billettar på skarbogard.com/sidersmaking 🎟️🍏

06/08/2026

Nyt smaken av Sunnmøre på Skarbø Sideri & Landhandel i sommar! 🌞 Ope måndag-laurdag 11-17 med mykje herleg mat og drikke 🍎

Landhandelen er open heile august kl 11-17, måndag - laurdag 🌞 Kom og nyt sommaren med oss - ute når sola skin, og inne ...
05/08/2026

Landhandelen er open heile august kl 11-17, måndag - laurdag 🌞 Kom og nyt sommaren med oss - ute når sola skin, og inne når det regnar - fjordutsikta er like fin. Vi byr på sveler, bollar, tapas, god kaffi og deileg musserande Paradis 🍏❤️ Er du på ferie på Stranda, kan du ta med heim ei assortert kasse eplemost, litt god ost og spekemat, og la feriekjensla vare langt inn i hausten 😎🍎 Og har du lyst på ei oppleving, kan du vere med på sidersmaking med Strandatapas kvar tysdag - laurdag kl 15.30 dei neste par vekene 🍏🥓🧀 Billettar på skarbogard.com 🎟️ Velkomen! 🌸

🧀🍏❤️
23/07/2026

🧀🍏❤️

Så heldige å ha god hjelp i sommar! ☀️🌿☕️🥞
19/07/2026

Så heldige å ha god hjelp i sommar! ☀️🌿☕️🥞

Ho kom til Stranda for naturen og enda opp med å lære både ysting, kaffikunst og norske svelevanar. Lenke i kommentarfeltet. 👇

Blir du med på sidersmaking? 🍎 Smak på Stranda i sommar ☀️ Kvar tysdag-laurdag kan du nyte fem sidrar frå  akkompagnert ...
09/07/2026

Blir du med på sidersmaking? 🍎 Smak på Stranda i sommar ☀️ Kvar tysdag-laurdag kan du nyte fem sidrar frå akkompagnert av den beste spekematen frå .no og , og ostar frå Skarbø Gard 🥓🧀🍏 Langsmed får du innblikk i historia bak produkta 🌿 Sjølvsagt har vi nydelege alkoholfrie sidrar for dei som ynskjer det 🌸

Billettar finn du på nettsida vår - link i bio 🎟️

Landhandelen i første etasje er open alle dagar unnateke søndag kl 11-17, med lokalmat og god kaffi ☕️🥞

Hjarteleg velkomne! ❤️

Adresse

Bygdavegen 335
Stranda
6200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skarbø Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skarbø Gard:

Snarveier

Del