Torheim Gard

Torheim Gard Vi lagar mat og drikke frå gardens Debio-godkjente økologiske frukt, grønt og lam, samt uteganger gris.

Vi verdsetter kvalitet og smak og lager lav-prosesserte matvarer for hand. Vi lar oss inspirere av det ville vestlandsklimaet og råvarar med identitet.

SESONGARBEIDAR – DELTIDSSTILLING (60 %)Bli med på laget vårt! Torheim Gard søkjer ein sesongarbeidar i deltidsstilling (...
07/01/2026

SESONGARBEIDAR – DELTIDSSTILLING (60 %)

Bli med på laget vårt! Torheim Gard søkjer ein sesongarbeidar i deltidsstilling (60 %) til komande sesong 2026, med moglegheit for noko meir arbeid i periodar.

Kven er vi?
Vi er ein familiedriven gard i Hjelledalen, Oppstryn, med fokus på økologisk drift, regenerativ praksis, foredling av eigne råvarer og direkte sal gjennom gardsbutikk og andre lokale kanalar.
Vi ønskjer å gjere reine, smakfulle og ekte råvarer og produkt tilgjengelege både for lokalsamfunnet og for tilreisande. På garden legg vi vekt på kvalitet, handverk, berekraft og gode møte mellom menneske, natur og mat.

Vi ønskjer i utgangspunktet arbeidstakar som bur i nærleiken, sidan stillinga ikkje inkluderer bustad. Samstundes er vi opne for søkjarar som ikkje er lokale, så lenge du sjølv har praktiske løysingar knytt til bu- og reiseveg.

_________________________________

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom sesongen og kan mellom anna omfatte:
• arbeid i grønsakhage og på garden
• foredling, pakking og klargjering av produkt
• arbeid knytt til gardsbutikk
• andre praktiske gardsoppgåver

Opplæring vil bli gitt.

_________________________________

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
• er påliteleg, strukturert og arbeidsam
• trivst med fysisk arbeid og varierte dagar
• kan jobbe sjølvstendig, men også saman med andre
• har interesse for mat, landbruk eller handverk
• snakkar norsk og engelsk
• har førarkort klasse B

Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.

_________________________________

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss får du:
• ein meiningsfull jobb tett på natur, råvarer og ekte matproduksjon
• innsikt i økologisk og regenerativ drift
• lære om å drive ei bedrift i utvikling
• varierte arbeidsdagar i eit lite, trygt og oversiktleg arbeidsmiljø
• løn og vilkår innanfor gjeldande satsar i landbruket

_________________________________

Praktisk informasjon

• Arbeidsstad: Hjelledalen, Oppstryn
• Stilling: Deltid (60 %), moglegheit for meir i periodar
• Oppstart: etter avtale (sannsynligvis mai)
• Varigheit: sesongstilling (ca. 8 måneder)

_________________________________

Søknad

Send søknad med CV og attestar til:
[email protected]

Vil du vite meir om stillinga, er du velkomen til å kontakte oss. Søknader blir vurderte fortløpande, og vi anbefaler å søkje så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Nettside: www.torheimgard.com
Instagram & facebook: torheimgard

Del gjerne!

Siste sjanse til å handle i popup butikken Nordfjord Smak før jul!🎄🎅🌾
17/12/2025

Siste sjanse til å handle i popup butikken Nordfjord Smak før jul!🎄🎅🌾

NORDFJORD SMAK POP UP BUTIKK
Stryn
Ope:
Måndag - laurdag kl 10 - 17
Søndag kl 14 - 18

Julegåver frå Torheim Gard 🎄⬇️I gardsbutikken har vi 🍎 Gåveesker med eplemost🍏 Gåveesker med sider🎁 GåvekortI  popup but...
15/12/2025

Julegåver frå Torheim Gard 🎄⬇️

I gardsbutikken har vi
🍎 Gåveesker med eplemost
🍏 Gåveesker med sider
🎁 Gåvekort

I popup butikken i Stryn:

🍐Gåveeske med tema “Frukthagen”
Inneheld: Pæreeddik, eplemos, karamellisert eplemos.

🧑‍🍳 Gåveeske med tema “Til kjøkkenbenken”
Inneheld: Hagesalt, eplesidereddik og talg.

Berre ta kontakt om vi skal gjere klart noko 💫

Gåvekort hos Torheim Gard – den perfekte gåva til den som har alt og/eller likar gode smakar 🎄Du får kjøpt gåvekortet i ...
10/12/2025

Gåvekort hos Torheim Gard – den perfekte gåva til den som har alt og/eller likar gode smakar 🎄

Du får kjøpt gåvekortet i gardsbutikken, eller du kan kontakte oss for digitalt gåvekort på e-post. Betaling kan gjerast via betalingslenke som vi sender deg 📨

I gardsbutikken får ein kjøpt ⬇️

• Handverksprodukt av kjøt og grønt frå utegangerdyr og økologiske grønsaker
• Lokal sider med øko eple frå Oppstryn
• Most og eplesidereddik
• Delikatesse varar som olivenolje, handverkspasta, norsk økologisk sjokolade og handlaga såpestykker

💚

Nå finn du både most, fermentert kål og talg på minibakeriet i Nordfjordeid 😁
03/12/2025

Nå finn du både most, fermentert kål og talg på minibakeriet i Nordfjordeid 😁

Juleribbe? 🎄Ekslusivt utsalg av sideribber av våre utegris!I år selger vi kun 6 stk juleribber! Vanligvis gjer vi ikkje ...
02/12/2025

Juleribbe? 🎄

Ekslusivt utsalg av sideribber av våre utegris!

I år selger vi kun 6 stk juleribber! Vanligvis gjer vi ikkje dette, fordi vi bruker stykkene til produksjon av blant anna bacon, men i år fikk lyst på ribbe 😄

2 stykk er solgt før vi fikk posta noko om dette, så det ligger att 4 stk i gardsbutikken. Send melding om vi skal holde av til deg.

Dette er gris som har hatt levd sitt beste liv. Og det kjennes på smaken 🐷🌲🏔️

20/11/2025

Morning chores på 1-2-3 🤠🐑🐷🐶

17/11/2025

Brøytekaos, hund med snøballpels og sein barnehagelevering 😅 Men snøen er endelig her (!!) og vi fekk til og med tid til ei lita skiøkt frå huset til garasjen 🤠

Adresse

Strynevegen 3196
Stryn
6798

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Torheim Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Torheim Gard:

Del

Type