Blakstad Gard

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Blakstad Gard Velkomen til Blakstad Gard, ei historisk perle midt i vakre Sykkylven! Velkomen til Blakstad Gard.

Her kan du feire store hendingar som bryllaup og jubileum, arrangere teambuilding og aktiviteter og opplever gardslivet på nært hald.

Open gard er dessverre avlyst i dag 🌧️På grunn av det pøsande regnvêret ser vi oss nødde til å avlyse i dag. Vi ønsker a...
09/08/2026

Open gard er dessverre avlyst i dag 🌧️
På grunn av det pøsande regnvêret ser vi oss nødde til å avlyse i dag. Vi ønsker at både besøkande og dyra skal ha ein fin opplevelse, og satsar heller på bedre vær neste helg! Takk for forståinga.

07/08/2026

Liten sjekk og tilsyn på sommarbeite i Tudalen! 🌿🐑 Alt står bra til med gjengen – dei kosar seg glugg i skog og mark med friskt gras og god plass. Ingenting er som å sjå dei koma løpande når ein ropar! 🥰☀️

06/08/2026

Ein nydeleg kveld i går 🤩

05/08/2026

Ein tur på beite etter ein blåbærtur høyrdes ut som ein god idé 🌿 Vi prøvde å dele bæra med dyra, men det fall ikkje i smak. Flaskelammet Oreo ville heller tygge litt på håret til Malin 😅🐑

Denne fine gjengen og mange fleire kan du møte på søndag 💚

02/08/2026

Tusen takk til alle som tok turen innom oss i dag, til tross for dårlig vær. Det setter vi stor pris på. 🙏

Velkommen til oss neste søndag 🥰

Håndverksdag på Blakstad Gard 🐑Velkomen til håndverksdag på garden søndag 02.08 kl. 12.00–16.00! Denne dagen kan du prøv...
31/07/2026

Håndverksdag på Blakstad Gard 🐑

Velkomen til håndverksdag på garden søndag 02.08 kl. 12.00–16.00! Denne dagen kan du prøve tradisjonelt handverk, vere med på mating av dyra og kose deg i kaféen.

Aktiviteter og program:
- Ullarbeid: Prøv karding, spinning og toving av ull.

- Naturtrykk: I kjelleren kan du lage trykk på kort med naturmateriale.

- I smia (kl. 13.00–14.00): Smeden er i arbeid. Kom innom og sjå kva han lagar.

Kl. 12.30: Mating av flaskelam 🍼
Kl. 13.30: Mating av alpakka 🦙

🔥 Man kan fyre opp å grille selv i gapahuken, vi fyrer i bålpanne på tunet om været tillater det. Det er også mulig å gå ned til sjøen hvor vi også har en disse man kan prøve

☕️Open kafé
I kaféen sel vi heimelaga kanelbollar, sukkerbollar, gulrotkake og vafler med heimelaga jordbærsyltetøy. Vi serverer òg frisk rabarbrasaft og hylleblomstsaft.
Det er mogleg å kjøpe med seg saft og syltetøy heim.

Praktisk informasjon:
Tid: Søndag kl. 12.00–16.00
Inngang: 120 kr per person
Familiebillett (2 voksne og 2 barn): 430 kr
Barn under 2 år: Gratis
Vi godtek ledsagerbevis.

Velkomen til ein triveleg dag på Blakstad Gard! 🌾

Endeleg er bøndene tilbake på garden! ❤️Både avløysarane og dyra har hatt det fint, og vi stod alle levande og klare då ...
23/07/2026

Endeleg er bøndene tilbake på garden! ❤️

Både avløysarane og dyra har hatt det fint, og vi stod alle levande og klare då dei kom rullande inn på tunet. Dei kom heldigvis ikkje tomhendte heim heller – med seg i bagasjen hadde dei nydelig, sjølfiska ørret frå Haukedalen.

Det vart ørret grilla i folie til middag, saman med nypoteter henta rett frå åkeren og eit godt persillesmør laga med frisk persille frå hagen. Får ein eigentleg ein betre middag enn det? 🐟🥔🧈

No er det berre å brette opp ermene og gjere alt klart til åpen gård på søndag. Vi gleder oss utruleg mykje!

Håpar vi sjåast – hjarteleg velkomen skal de vere! ✨

20/07/2026

Første dagen som avløsarar er overstått – og både folk og dyr har overlevd! 🦙☀️

Malin og Karoline heldt styringa og passa på at alle fekk både mat og rikeleg med vatn i finvêret, så kom barnebarnet «F» med dagens beste kommentar:

«Veit du koffor ej e så flink til å hjelpe til? Fordi ej he øvd mej masse»

Og det har ho so absolutt rett i – ho har nemleg hjelpt besta på garden heilt sidan ho lærte å gå! Skal tru om det er ho som skal ta over garden etter kvart?

Bondeferie i praksis! 🎣🔥Bøndene har endelig teke seg nokre velfortente fridagar og sett kursen mot heimtraktene til mor ...
19/07/2026

Bondeferie i praksis! 🎣🔥

Bøndene har endelig teke seg nokre velfortente fridagar og sett kursen mot heimtraktene til mor til Berit. Planen? Fiske ørret, fyre bål og nyte den gode roa i naturen.
..Men roa varte kanskje i under éin time! 😅 Meldinga frå Karl kunne nemleg avsløre at klokka 23:00 første kvelden var Berit alt i full gang med å klippe plenen. Arbeidsabstinensane melder seg fort når ein er van med full rulle!

Heime på garden har døtrene Malin og Karoline ansvaret og passar på både dyr og gardsdrift, slik at dei «ferierande» kan fortsette å øve seg på å ta livet heilt med ro! 🌾

16/07/2026

Velkomen til søndag på garden 💚

Her hos oss er det god plass til leik og utfolding. I tillegg til aktivitetane på garden er vegen kort om de vil ta turen opp til gapahuken, eller rusle ein tur ned til sjøen.

I kaféen har vi mykje godt på menyen, men det nyaste tilskotet denne veka er ekte sommarsmakar. Ingenting smakar meir sommar enn:
💚Frisk saft laga av hylleblomst frå vår eigen svarthyll
🍓Nyrørt syltetøy av jordbær frå Valldal

Programmet for dagen blir lagt ut på laurdag, men det blir som vanleg høve til:
- Mating av alpakka, flaskelam og ullgris.
- Bilkøyring for dei minste

Inngang: 110kr pr. pers
Familie: 390kr (to voksne og to barn)

Velkomen til ein fin søndag på garden! Vi gler oss til å sjå dykk 🫶🏼

Adresse

Sørestrandvegen 1009
Sykkylven
6222

Åpningstider

12:00 - 16:00

Telefon

+4741284876

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Blakstad Gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Blakstad Gard:

Snarveier

Del

Kategori