Rasmusgarden

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Rasmusgarden Gardsliv og levnad sidan 1520. Gardsprodukt og snekkartenester

Altså 🤎 Han her skal snart flytte til Nordalen, der han og nokre andre guttakrutt skal få vekse seg store og endå finare...
08/10/2026

Altså 🤎

Han her skal snart flytte til Nordalen, der han og nokre andre guttakrutt skal få vekse seg store og endå finare.

(Etter ombygging er fjøset vårt i hovudsak forbeholdt ho-kjønn. Send gjerne varme tankar til sjefsbonden som er så omringa av særeigne damer)

Når du er omlag tre kvarter gammal og alt du vil er opp og stå og utforske verden på eigne bein, men mora di blir aaaald...
26/09/2026

Når du er omlag tre kvarter gammal og alt du vil er opp og stå og utforske verden på eigne bein, men mora di blir aaaaldri ferdig med å vaske deg.

Og 0758 syns det er stas med fødsel i nabobingen.

Gråtass / puma / hengebukpus / gråpus - uansett kva vi kallar han vil han alltid slå av ein prat med kjentfolk.
22/09/2026

Gråtass / puma / hengebukpus / gråpus - uansett kva vi kallar han vil han alltid slå av ein prat med kjentfolk.

Twinsa (2 dagar) 💕 (favoritten 758 sine avkom)Vi kunne vore freista til å kalle dei Else og Anders etter dagens besøk av...
16/09/2026

Twinsa (2 dagar) 💕
(favoritten 758 sine avkom)

Vi kunne vore freista til å kalle dei Else og Anders etter dagens besøk av Statsforvaltaren og fylkeskommunen- men vi har faktisk lagt ned forbod mot menneskenamn på dyra (etter at ei ikkje namngitt kyr vart sendt til slakt midt under ei relativt omfattande mediesak, det såg litt dramatisk ut å ha det namnet på lista til Nortura då).

Familien sin namnekonsulent landa på Kirsebær og Morelle 🍒

Livet altså! Som Jon Almås proklamerte i media: berre elendigheit. I går skulle det bli kviga 0676 Lakris sin dag til å ...
07/09/2026

Livet altså! Som Jon Almås proklamerte i media: berre elendigheit.

I går skulle det bli kviga 0676 Lakris sin dag til å bli ku - men etter noko treig framdrift i fødselen blei dyrlege Mads rekvirert. Kalven låg litt vanskeleg til, og var død. Etter noko lirking og bistand kom oksekalven ut - og når alt var over og det hadde roa seg strøymde Eva Cassidy «Fields of gold» over høgtalarane i fjøset. Fin bakgrunn for litt trøst og TLC. Heldigvis kan elendigheit passere og bli erstatta av takknemligheit for at Lakris ser ut til å klare seg.

I dag: ikkje så hengete tristeøyre, men framleis i rekonvalesens i eigen binge 🖤

♥️
28/08/2026

♥️

Tradisjonen tro når beitesesongen nærmar seg slutt: eit laurdagsglas etter rydding av byggeplass i fjøs 🪚👷🏻‍♀️👷🏼
22/08/2026

Tradisjonen tro når beitesesongen nærmar seg slutt: eit laurdagsglas etter rydding av byggeplass i fjøs 🪚👷🏻‍♀️👷🏼

21/08/2026
13/08/2026

Å vere 110 % klar til å kjøre på mellom bygene når det mirakuløst skjer eit avvik mellom yr og faktiske veirforhold:
✔️før hjort har forsynt seg av prima gras,
✔️etter at marka har tørka opp nok til å unngå spor,
✔️ikkje meir enn ein rekk å kjøre inn før regnet høljar ned igjen
✔️og likevel nok til å få satt i gang maskineriet og sikra avlinga.

Kor kan vi levere klage på dårlege arbeidsvilkår?

Adresse

Syvdsbotn
6140

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Rasmusgarden legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rasmusgarden:

Snarveier

Del

Kategori