Kosterikjedagane

Kosterikjedagane Kosterikjedagane er bygdefestivalen som vert arrangert ei helg kvar vår i Syvde på Sunnmøre.

Kosterikjedagane kallast bygdedagane som vert arrangert ei helg kvar vår i Syvde på Sunnmøre. Då er det ulike arrangement der kunst og kultur er viktige ingrediensar.

Med nokre glimt i frå årets Kosterikjedagar (både før, under og etter) ønskjer vi å seie tusen takk til alle besøkande😊 ...
26/05/2026

Med nokre glimt i frå årets Kosterikjedagar (både før, under og etter) ønskjer vi å seie tusen takk til alle besøkande😊 Tusen takk til dei som har sponsa oss, og ei spesiell takk til alle kjekke dugnadsfolk som gjer det mogleg å arrangere dette flotte arrangementet i bygda vår!😊🧡

Ny Kosterikjedag😊 med blant anna loppemarknad i teltet, kunstutstilling, middag på Samfunnshuset og ope i Kristitunet🤗
24/05/2026

Ny Kosterikjedag😊 med blant anna loppemarknad i teltet, kunstutstilling, middag på Samfunnshuset og ope i Kristitunet🤗

Program for Kosterikjedagane 2026🤩

23/05/2026

Kom på kunstutstilling med Evy Anne Brotnow og Martin Bakkebø på «Mekken» på Myklebust ungdomsskule 🤩🙌🏻🎨 Inngang på nedsida av skulen!

21/05/2026

Mat under Kosterikjedagane!🍴

🌟Thaimat frå Nok Berge (fredag og laurdag)
🌟Potetbaker’n Ålesund (fredag og laurdag)
🌟Kaker og kaffi på Møteplassen/Brukthandelen (fredag og laurdag)
🌟Gratis frukost på Fredtun (laurdag kl.9)
🌟Potetball på Fredtun (laurdag frå kl.13)
🌟Middag på Samfunnshuset: Gresk lammegryte + hamburger og chips (søndag 12-15)

I tillegg vert det mykje gode kaker i Kosteteltet fredag, laurdag og søndag😊🍰☕️

Best Syvde, Tip Thaimat og Cafe au Kle har også ope i sine vanlege lokale og på Bryggen Kro vert det servert pizza, burger og mår m/chips fredag og laurdag og i tillegg bacalao på laurdagen😊

Fredrik Steen er ein av veteranene i det norske standup-miljøet som skaut fart på byrjinga av 1990-talet. I år har han s...
21/05/2026

Fredrik Steen er ein av veteranene i det norske standup-miljøet som skaut fart på byrjinga av 1990-talet. I år har han stått på scena som komikar og artist i 33 år - i tillegg til å ha vore med i ei rekke filmar, TV-seriar og teaterproduksjonar.
Mange kjenner Fredrik best som den eksentriske husmora Hildegunn Moltubakk, men det er standup som har vore basen hans i alle desse åra. Kun ein mann og ein mikrofon - og ei unik evne til å legge merke til alle dei små, absurde og komiske
tinga som vi menneske brukar tida vår på.

Det er mange år sidan han gjorde standup i Syvde, og difor er vi ekstra glade for at han startar showet sitt «Uanmeldt besøk» på Kosterikjedagane. Vi gledar oss stort🤩

Billettar til showet fredag kl.20 kjøper du på Tikkio. Lenke i kommentarfeltet😊

20/05/2026

Standar på årets Kosterikjedagar🍭💍👗💵

🌟Kraken Jewelry - handlagde smykker i resin
🌟Lappelina - syr kjolar og skjørt, vesker, forklede, hattar m.m., alt i eige design.
🌟Ivar Mork/Artige skruar - figurar av skruar og sjøvskrivne bøker
🌟Brenda Koers - luftfrisker med egenskaper av Aroma Terapi. Romduft, olje med duftpinner, bilduft og body/massasjeolje
🌟Bestaloftet - mat av diverse slag, blant anna flatbrød, lefser og fiskekaker
🌟Sigrun Strand -småstrikk og flatbrød
🌟Sparebanken Møre
🌟Godteriboden
🌟Landbruksorganisasjonane i Vanylven
🌟Vanylven Mållag
🌟Personskadeforbundet LTN Søre Sunnmøre Lokallag

Adresse

Kvia 2
Syvdsbotn
6140

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kosterikjedagane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kosterikjedagane:

Snarveier

Del