Evas kjøkkenhage

Evas kjøkkenhage Evas kjøkkenhage held til på eit småbruk i Sandvika.

Følg meg gjerne på reisa her eller på insta

Eg er for tida gartnarstudent på deltid i vakre Ulvik i Hardanger, og vil etablere småskala grønnsaksproduksjon for sal på småbruket.

Dette blir spennande!
27/05/2026

Dette blir spennande!

På laurdag skal plantene mine få ta seg ein tur ut i Våje - og kanskje heim til deg? Eg har paprika, chili, krukketomata...
25/05/2026

På laurdag skal plantene mine få ta seg ein tur ut i Våje - og kanskje heim til deg?

Eg har paprika, chili, krukketomatar, frilandstomatar, agurk, aubergine, gyllenbær (physalis), sellerirot, rabarbra, purre, vårløk, grasløk. I tillegg ulike urter om dei blir store nok til laurdag 😅.

Alt er handsådd og vakse opp i Sandvikja. Dyrka etter økologiske prinsipp. Frø frå Solhatt, jord og gjødsel tillete i økologisk dyrking. Planteproduksjonen er registrert i Debio og hjå Mattilsynet.

21/05/2026

Haustar tang på stranda mi til no dig potetåker

21/05/2026

Kveldsbad

18/05/2026

For n’te gong trengte eg motorhjelp og desse to trødde til… Ei fastkilt grein, litt for mykje vatn i ein eller annan del (luftfilter??) og litt starttrøbbel som heldigvis var enkel forklaring på. «Eva, om du brukar nødstoppen, må den løysast ut igjen…» 😇😂

Jaggu syntest dei det var så kjekt at det meste av greiner forsvann…

Takk for hjelp og underholdning!

13/05/2026

Ein heil skuledag i åkeren 🤩. Først potetsetting.

11/05/2026

Liten tur på skuleområdet før gartnarsamling. Den siste før eksamen.

Ingen fri på 1. mai for denne gardbrukaren… Vinden ruska godt i plastduken i dag og eg retta på den og la på fleire sand...
01/05/2026

Ingen fri på 1. mai for denne gardbrukaren…

Vinden ruska godt i plastduken i dag og eg retta på den og la på fleire sandsekkar i fem runder i løpet av dagen. Då eg leitte fram pensumbøker og vinden hadde løya, kom det eit kraftig kast og flekte halvvegs av eine duken.

Det positive må vere at eg allereie ser svekking i gras og ugras under. Og at eg kun fann svarte skogsneglar. Ingen brunsneglar 🥳.

Her må det nok europallar til, ja… Nokon som har tips om kvar eg kan få tak i brukte?

26/04/2026

Luna sjekkar plastdekket

Adresse

Sandvikvegen 115
Tjørvåg
6070

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Evas kjøkkenhage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type