Buenget gard

Buenget gard Buenget gard er eit småbruk i Trondheim på 50 mål med skog, elv, slåtteng og verneverdige hus.

04/01/2026

Godt nyttår frå oss på Buenget gard🤩🔥❄️🍾! No er det fine vinterforhold og det er meldt godt vêr til helga! Vi inviterer difor til ake- og skidag/uhøgtidleg Buengemesterskap i rattkjelke søndag 11. januar klokka 11-13. Vi fyrer opp eit bål og bygger snøbenkar på toppen av enga med utsikt til byen🔥. Ta med sitteunderlag, matpakke og drikke og bli med! Det blir koseleg. Alle er velkomne antan du kjem til fots, på ski, med kjelke, rumpeakebrett eller berre ein plastpose! Bakken er bratt så det blir god fart, men snøen er så mjuk og fluffy at det blir berre artig. Vi lagar også eit skileikområde oppå flata der vi kan leike den frykinngytande skileiken «selunge og spekkhoggar» og den kjempemorsomme «stiv heks». Dette passar for dei som vil bli varme i ein fei, vil bli raskt betre og meir mobil på ski eller berre vil leike og ha det artig🤩.

Rett etter jernbaneovergangen i Buengvegen, på nedsida av jernbanen, går ein sti bratt opp ein bakke. Følg sporet ca 150 meter til juletreet🎄, så er du der! Kanskje kan de også lukte dykk fram til bålet?

Å skrive noko meiningsfullt er fint. Kanskje skal eg gjere det oftare?
30/12/2025

Å skrive noko meiningsfullt er fint. Kanskje skal eg gjere det oftare?

Kjetil Sildnes er lærar i segling på Fosen folkehøgskole, jekteskipper og småbrukar på Buenget i Trondheim. I sin artikkel i boka «Strekk seil» diskuterer han viktigheita av tradisjonsbåtar og deira rolle i undervisninga ved Fosen Folkehøgskole. På 1970-tallet var kunnskapen om bygging og bruk av norske råseglbåtar trua, men Jon Bojer Godal etablerte et program for å bevare denne tradisjonen ved folkehøgskolen. Dette har ført til økt formidling av tradisjonsbåtbruk og båtbygging, og tradisjonen har blitt vidareført til nye generasjonar.

Ved sida av Buenget gard låg husmannsplassen Granberg. Der stod det ei lita lån, eit lite stabbur og eit lite fjøs med u...
15/12/2025

Ved sida av Buenget gard låg husmannsplassen Granberg. Der stod det ei lita lån, eit lite stabbur og eit lite fjøs med utedo på utsida. Desse er for lengst borte, men vi veit dei var der då vi ser dei på flyfotografi frå 1952. Vi gjekk på jakt etter hustuftene og fann tuftene etter huset. Dei låg like ved dei store granene som står i bytet mellom Granberg og Buenget. Granene er blitt kjempestore og ein fin leikeplass for både barn og vaksne.

Biletet frå 1952 er skarpt og fint, og fullt av detaljar. Det viser mellom anna kor lite skog det var her den gongen beitedyr og matproduksjon rådde grunnen. Vi ser også korleis Buenget gard såg ut med både fjøs, låve og stabbur i firkanttun. Kven veit om det kan bli noko liknande igjen?

Vi ser også fabrikken i Forsøket, på folkemunne kalla «Krutthøle» då den gjekk i lufta meir enn ein gong den gongen dei produserte krutt, og fabrikkmesterboligen med kjøkkenhagen nedanfor tunnellinnslaget til jernbanen på andre sida av elva. Elva er sjølvaste Leirelva som kommunen med hell har drive på å «restaurere» i lang tid. Dei har tilført elvegrus og storesteinar for å bremse vatnet og lage gyteplassar, og dei har rydda opp i utslepp og gamal synd langs elva. Det har virka og no er vasskvaliteten så bra at fisk og elvemusling atter vil gyte og trivast her👏. På andre sida av elva ser vi også eit lite bruk med hus og fjøs, og innhengning til gris. Det ligg ein planke over elva som ein snarveg mellom dette vesle bruket og Buenget gard.

100 meter lenger sør litt oppi bakken ligg nok eit lite hus med eit mindre hus attom seg som kan vere ein driftsbygning. Det vil seie at på dette vesle utsnittet som dekker nokre få mål var det ei heil lita grend med fabrikk og fleire gardsbruk. Mange folk fekk sitt utkomme av jorda og elva her.

No er det vi som skal drive Buenget gard og vi håpar å kunne bære den lange arven vidare og sørge for liv på tunet, liv i elva, liv i jorda og liv i grenda samstundes som tek vare på naturkvalitetane, verneverdige bygningar og sjølv får gode liv❤️.

15/12/2025

Ved sida av Buenget gard låg husmannsplassen Granberg. Der stod det ei lita lån, eit lite stabbur og eit lite fjøs med utedo på utsida. Desse er for lengst borte, men vi veit dei var der då vi ser dei på flyfotografi frå 1952. Vi gjekk på jakt etter hustuftene og fann tuftene etter huset. Dei låg like ved dei store granene som står i bytet mellom Granberg og Buenget. Granene er blitt kjempestore og ein fin leikeplass for både barn og vaksne.

Biletet frå 1952 er skarpt og fint, og fullt av detaljar. Det viser mellom anna kor lite skog det var her den gongen beitedyr og matproduksjon rådde grunnen. Vi ser også korleis Buenget gard såg ut med både fjøs, låve og stabbur i firkanttun. Kven veit om det kan bli noko liknande igjen?

Vi ser også fabrikken i Forsøket, på folkemunne kalla «Krutthøle» då den gjekk i lufta meir enn ein gong den gongen dei produserte krutt, og fabrikkmesterboligen med kjøkkenhagen nedanfor tunnellinnslaget til jernbanen på andre sida av elva. Elva er sjølvaste Leirelva som kommunen med hell har drive på å «restaurere» i lang tid. Dei har tilført elvegrus og store steinar for å bremse vatnet og lage gyteplassar, og dei har rydda opp i utslepp og gamal synd langs elva. Det har virka og no er vasskvaliteten så bra at fisk og elvemusling atter vil gyte og trivast her👏. På andre sida av elva ser vi også eit lite bruk med hus og fjøs, og innhengning til gris. Det ligg ein planke over elva som ein snarveg mellom dette vesle bruket og Buenget gard.

100 meter lenger sør litt oppi bakken ligg nok eit lite hus med eit mindre hus attom seg som kan vere ein driftsbygning. Det vil seie at på dette vesle utsnittet som dekker nokre få mål var det ei heil lita grend med fabrikk og fleire gardsbruk. Mange folk fekk sitt utkomme av jorda og elva her.

No er det vi som skal drive Buenget gard og vi håpar å kunne bære den lange arven vidare og sørge for liv på tunet, liv i elva, liv i jorda og liv i grenda samstundes som tek vare på naturkvalitetane, verneverdige bygningar og sjølv får gode liv. Så leik og klatring i trea må det vere plass til❤️

14/12/2025

Kanskje vi skal slå til med ein norsk variant av det elleville skotske osteløpet her på Buenget? Vi har bakkane til det🤩

Adresse

Buengvegen 1A
Trondheim
7028

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Buenget gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type