Gjengevoll Mangesysleri

Gjengevoll Mangesysleri I Samnanger aust for Bergen byggjer vi opp eit ekte mangesysleri, kor mangfald, livskvalitet og kjærleik til naturen står i fokus.

Gjengevoll Mangesysleri er eit småbruk i Samnanger som vert drive av Mari og Kjetil. Grunnlaget for drifta er å nytta ressursene som finst på og rundt garden så godt som mogleg, og driva eit mangfaldig bruk i takt med naturen slik dei tradisjonelle mangesysleria vart drive. Vi driv i tråd med regenerative prinsipp, som betyr at vi gjennom drifta ynskjer å byggja opp fruktbarheita og livskraften i

økosystema. Mangfald av planter og dyr, arter som er tilpassa klimaet og naturen, god dyrehelse og velferd er nøkkelord. Vi har fokus på kortreiste ressurser og skånsom produksjon, sjølvsagt utan gift. Vårt mål er å gjera ressursgrunnlaget gradvis betre, slik at vi kan produsera mat i eit evigheitsperspektiv. Vi overtok garden hausten 2020. No har vi grisar, sauer, høns, grønsaker og bier. Planane er mange og garden er i stadig utvikling. Vi set stor pris på om du har lyst til å følgja med oss på reisa! Du finn oss også på nettsidene våre gjengevoll.no, på mangesysleriet på Instagram, eller i podcasten vår: Gjengevoll Pludrecast. Om du bur i eller rundt Bergen og ynskjer å vera fast kunde for tilkøyring av varer annakvar veke, kan du melda deg på lista til Mangesysleriets mjølkerute her: www.gjengevoll.no/mjelkeruta

Adresse

Tveit 31
Tysse
5650

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gjengevoll Mangesysleri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gjengevoll Mangesysleri:

Del

Type

Lokal mat på lokale ressurser

Hausten 2020 starta Mari og Kjetil Gjengevoll Mangesysleri! Her lagar vi lokal mat på lokale ressurser, og redder verda litt samstundes.

Gjengevoll Mangesysleri ligg ved Tysse i Samnanger kommune utanfor Bergen. Her byggjer vi opp eit ekte, gamaldags mangesysleri kor mangfald, livskvalitet og kjærleik til naturen står i fokus. Trivsel for både folk og dyr er viktig, samstundes som vi freistar å nytta så mykje som mogleg av dei ressursane vi har på garden og i lokalområdet. Vi jobbar for å auka det biologiske mangfaldet og fruktbarheita i jorda gjennom drifta vår, og vi vil bidra til å styrka dei lokale økosystema. Dette trur vi er framtida for verdas berekraftige matproduksjon. Vi jobbar også for å spre informasjon og bevisstgjera folk om berekraftig mat.

Våre første dyr på garden er islandshøns, gammalnorsk spælsau og slaktegris. Våre første produkt er egg, heimebaka lefser, og kjøtprodukt av grisene vi skal slakta til jul. Vi sel på sei lokale REKO-ringane rundt Bergen, og direkte gjennom våre eigne nettsider. Sortimentet veks etter kvart som vi utvidar produksjonen. På garden har vi produksjonslokale kor vi lagar og vidareforedlar produkt. Vi vil også satsa på gardsaktiviteter som besøksverksemd, kurs og overnatting. Du kan følgja oss her på Facebook, på Instagram (@mangesysleriet) og i vår heilt eigne gardspodcast Gjengevoll Pludrecast, som du finn på nettsidene våre eller i din podcast-app. Les meir om oss, drifta og dyra våre på www.gjengevoll.no.