06/05/2026
Bli vår nye medarbeidar! 🦃🐓
Me søkjer produksjonsmedarbeidar i 60% stilling til vårt fjørfeslakteri, til 1 fast stilling.
Arbeidsoppgåver
• Produksjon og pakking av kylling og kalkun
• Delta i dei oppgåver som krevst i produksjonen, med rullering mellom stasjonar
• Slakting og nedskjæring av kjøt
• Pakking og klargjering av ferdige produkt
Arbeidstid
Me slaktar fast 1 dag i veka, med om lag 2 dagar nedskjæring og pakking i etterkant. I høgsesong (juli og desember) slaktar me 2 dagar i veka, og overtid må påreknast i desse periodane. Arbeidsmengd varierar mellom sesongane, men vil være om lag 60-80% på årsbasis.
Faste arbeidsdagar stort sett torsdag, fredag, og mandag jamnt heile året, men også arbeid utover dette ved behov.
Ynskja kvalifikasjonar
• Erfaring med å jobba fysisk i et miljø med fleire nasjonalitetar
• Erfaring frå produksjonsarbeid, frå næringsmiddelindustrien eller produksjon av fjørfe er ein fordel, men ikkje eit krav
• Erfaring frå produksjon der dyrevelferd, reinsle, hygiene, og mattryggleik er viktig er ein fordel
• Erfaring med dyrehald og fjørferøkting er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper
• Beherska norsk eller engelsk, muntleg og skriftleg
• Som søkar må du ha god arbeidsmoral og lika å gje ein innsats i eit hektisk miljø med sesongvariasjonar
• Trivst med fysisk arbeid, og ha god helse
• Pliktoppfyllande, sjølvstendig, punktleg og nøyaktig
• God arbeidskapasitet
• Fleksibel og positiv til å ta ansvar for nye oppgåver
• Positiv haldning og gode samarbedsevner i eit fleirkulturelt miljø
Me tilbyr
• Stabilt arbeid i eit positivt og variert miljø
• Oppfølging og moglegheit for personleg og fagleg utvikling
• Gode betingelsar
• Ordna arbeidsforhold
Den som blir ansatt må gjennomgå selskapet si HMS- og hygieneopplæring.
Ved interesse ta kontakt
Tiltreding 1 september, søknadar vurderast fortløpande frå veke 20.
Søknadsfrist 15 juni.
Kontakt: [email protected] / tlf 48464438
Lysbilde 1Lysbilde 1 (nåværende lysbilde) Lysbilde 2Lysbilde 2 (nåværende lysbilde) Lysbilde 3Lysbilde 3 (nåværende lysbilde) Lysbilde 4Lysbilde 4 (nåværende lysbilde) Lysbilde 5Lysbilde 5 (nåværende lysbilde) Lysbilde 6Lysbilde 6 (nåværende lysbilde) Lysbilde 7Lysbilde 7 (nåværende ly...