26/03/2026
Takk til Knut Aastad Bråten i Gudbrandsdalsmusea, som i fjor vår tok kontakt med Moshuset. Garden har i fleire år arbeidd med raudlista artar i kulturlandskapet, formidling rundt dette, og korleis attgroing i Noreg reduserer det biologiske mangfaldet 🌿
Etter mange timar med skriving, førelesingar og møteverksemd fekk vi med oss Sparebankstiftinga på eit spanande prosjekt om eit særs viktig tema. Tusen takk til Sparebankstiftinga 👏
Fortsetjing følgjer 🌿🐐🐂
NYTT PROSJEKT: Gudbrandsdalsmusea har fått 1,2 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen til eit nytt, treårig arbeid med naturrestaurering i Jutulheimen og i andre utvalde område. Prosjektleiar er Audun Heier frå Vågå. Gudbrandsdalsmusea ønskjer å ta eit større samfunnsansvar for kulturlandskapet, både om den historiske bruken, og formidlinga av denne til nye generasjonar gjennom konkrete og praktiske tiltak, mellom anna aktiv beiting med bruk av beitedyr, tynning, hogging, lauving, slått, gjerding og fleire andre tiltak som kan vere med å tilbakeføre dei historiske landskapa. Hovudmålet med tiltaket er å restaurere og ta vare på gamle naturbeitemarker og setermiljø, formidle kunnskap om kulturlandskapet til barn og unge, og å sikre leveområde for trua artar.
Takk for støtte frå Sparebankstiftelsen DNB! Vi gler oss til å kome i gang, og til viktig arbeid for natur- og kulturlandskapet!