Stølen i Strandvik

Stølen i Strandvik Stølen i Strandvik
- Gardsbruk og handverk -

Kven er me? Me er Simon og Jovana, og 3 guter mellom 6 og 14 år.

Simon:
- Møbelsnikkar
- Landbrukssjef
- tenkjer gjerne på tvers og har alltid nye idéar

Jovana:
- toppsjef i ysteriet

Då er me tilbake med mange gode oster i Joker Strandvik 🛒 👍
07/05/2026

Då er me tilbake med mange gode oster i Joker Strandvik 🛒 👍

21/04/2026

Har du smakt lokal mat du faktisk veit kvar kjem frå?

Fleire og fleire oppdagar REKO. Ein enkel måte å handle direkte frå produsentar i ditt område. Kortreist, ekte og utan mellomledd.

Hos oss betyr det mjølk frå eigne geiter, foredla til fersk chèvre med rein og fin smak. Frå beite til bord, utan omvegar.

Du bestiller enkelt på førehand og hentar på faste utleveringar.

👉 Slik kjem du i gang:
https://www.rekonorge.no/handle

Vi leverer her:
Torsdagar i oddetalsveker
REKO Åsane (IKEA) https://www.facebook.com/groups/rekobergenikea/permalink/4339303519641472/
REKO Fyllingsdalen (Spelhaugen 6) https://www.facebook.com/groups/rekobergen/permalink/3924695644501050/

Partalsveker
REKO Fana (Sandsli VGS) https://www.facebook.com/groups/2377478842509796
REKO Os (Vognhallen) https://www.facebook.com/groups/726457147718063

Handler du allereie på REKO? Tips ein ven som burde oppdage det.
Eller lagre posten til neste utlevering.

Har du smakt kremosten vår – slik han faktisk smakar når mjølka kjem rett frå eigne geiter? 🐐🧀Hos oss på Stølen i Strand...
18/04/2026

Har du smakt kremosten vår – slik han faktisk smakar når mjølka kjem rett frå eigne geiter? 🐐🧀

Hos oss på Stølen i Strandvik lagar vi fersk geitost kvar dag. Mjølka blir foredla skånsamt og lågpasteurisert, slik at smaken får vere seg sjølv – rein, mild og fin kremete.

Vi har fleire variantar, men felles for alle er at dei er laga frå same utgangspunkt:

✨ Karri og daddel – lett søt med ein rund, krydra smak som løftar både enkle og meir samansette rettar
🌿 Urter og tomat – frisk og aromatisk, passar godt der du vil ha litt meir liv i smaken
🌱 Graslauk – ein klassikar, roleg og trygg, men med tydeleg karakter
🤍 Naturell – mildt salta og allsidig, like god åleine som i kombinasjon med andre råvarer

Dette er ein kremost som fungerer breitt – på brødskiva, til spekemat, eller inn i enkle rettar der råvara får spele hovudrolla.

Kva variant likar du best? 💛

Du finn oss i REKO-ring, hos nokre utvalde restaurantar og butikkar – og direkte frå garden.
REKO-ÅSANE
https://www.facebook.com/share/p/1LGoUnyfcH/

Vi har no ferske egg frå beitehønene våre til sals 🥚Hønene går ute og plukkar det dei finn, noko som gjer høneflokk lykk...
16/04/2026

Vi har no ferske egg frå beitehønene våre til sals 🥚
Hønene går ute og plukkar det dei finn, noko som gjer høneflokk lykkeleg og gir egg med god smak og fin kvalitet. 💚
Ta kontakt om du vil sikre deg egg til helga.

Frå før har du kanskje sett oss på REKO, i restaurantar, i Kolonial på Os eller hos Reindyrka i Bergen –men chèvren og k...
15/04/2026

Frå før har du kanskje sett oss på REKO, i restaurantar, i Kolonial på Os eller hos Reindyrka i Bergen –
men chèvren og kremostane våre har nå også fått ein fast hylleplass i Joker Strandvik ❤️
Det betyr at du kan stikke innom når det passar deg – og ta med deg ein svært kortreist, handlaga og delikat ost.

Velkommen innom!

🧀 Årets første levering er på plass!No har vi levert årets første chèvre og fersk mjølk (lavpa) til Reindyrka 🌱Alt laga ...
14/04/2026

🧀 Årets første levering er på plass!

No har vi levert årets første chèvre og fersk mjølk (lavpa) til Reindyrka 🌱
Alt laga av fersk mjølk frå geitene våre på Stølen i Strandvik.

Stikk innom om du vil sikre deg ein smak av sesongopninga!

Framleis tid å handle lokalt til påskefrokosten 🐣Du finn vår ost hos Joker Strandvik og hos Fru Aarvik.STØLEN I STRANDVI...
04/04/2026

Framleis tid å handle lokalt til påskefrokosten 🐣
Du finn vår ost hos Joker Strandvik og hos Fru Aarvik.
STØLEN I STRANDVIK ynskjer alle GOD PÅSKE 💚

🐣 Hyttekos i påske?Stå på ski og lese påskekrim? ⛷️📖Då må du også ta med ein god ost frå Stølen i Strandvik til kvelden ...
31/03/2026

🐣 Hyttekos i påske?
Stå på ski og lese påskekrim? ⛷️📖
Då må du også ta med ein god ost frå Stølen i Strandvik til kvelden 🧀

Når det roa seg etter ein dag ute, smakar det ekstra godt med noko ekte – laga av mjølk frå våre eigne geiter 🐐🥛
Perfekt til påske 💛

Årets første chèvre, eksklusiv i Joker Strandvik 🐐
30/03/2026

Årets første chèvre, eksklusiv i Joker Strandvik 🐐

28/03/2026

Første levering frå oss i år er ute 🚗🐐

No finn du kremostane våre hos Joker i Strandvik:
– karri & dadlar
– urter & tomat
– naturell

Det er kjekt å vidareføre det gode samarbeidet med Joker Strandvik – kort veg frå oss til deg 💚

Chèvre kjem neste veke 👀

God helg 🫶
27/03/2026

God helg 🫶

Adresse

105 Vik
Vinnes
5643

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stølen i Strandvik legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stølen i Strandvik:

Del

Type