Storneset gard

Ring Veibeskrivelse

Storneset gard 👫🏼 Sunniva og Vebjørn
🏡 Austefjorden, Volda
🐂 Vestlandsk fjordfe
🤝🏻 Sal av storfekjøt direkte frå garden og på Reko-ring

I kveld skulle Georg flytte frå Storneset til Vanylven, han ville det tydelegvis annleis... Håper det går fint med godgu...
13/10/2026

I kveld skulle Georg flytte frå Storneset til Vanylven, han ville det tydelegvis annleis...
Håper det går fint med godguten "vår", han er veldig snill og kosete for dei som skulle få han i hagen! 🐷

Da eieren ringte politiet for å melde sin nyinnkjøpte gris savnet, hadde ordensmakten allerede fått flere telefoner om rømlingen.

12/10/2026

Kosa seg i fjøro 🥰

Dette får vi dessverre ikkje putta inn i ein kalkulator, men vi veit kor fint desse har det.

Litt trist er det samtidig at desse skal reise til slakt i morgon tidleg ❤️

10/10/2026

Fin tekst gjengitt av Nils Sigurd Drabløs :

Kom over ei bok av Christian Rekkedal frå 1941, der han skriv om setring med Vestlandsk fjordfe i Hjørundfjorden:

" Kumulen er eit praktisk reidskap, makelaus til sitt bruk, breid og romsleg som ein trål, ligg ned til marki som ljåen, og so den lange kringe tunga. Ho sveiper seg ledug og mjuk kring graset mest som ein lasso. Det ho får tak i heng fast som på klunger, raspar det til seg. Grasviskane smett inn som gjennom ein glugge. Det er ingen stans. Kui gneg, tygg og svelgjer alt i same rennet. Å ja, tygginga er no mest som eit ekstraarbeid medan ho kviler.
Då ligg ho og gumlar og tygg, halvsøv med opne augo. Fortugga gjeng då tur og retur nett som ein skutil i vev.
Ja, kui er eit forunderlegt og velsigna dyr.

09/10/2026

Frå eldre tider er det mange spennande historier og augeblikk frå setrane rundt om i Norge, her er ei ganske fersk støylshistorie. 🐮

Fersken kan ein vel seie er ganske eksklusivt i Austefjorden, men vi har fersken, og nok til at Vidar fekk bruke kokkeku...
08/10/2026

Fersken kan ein vel seie er ganske eksklusivt i Austefjorden, men vi har fersken, og nok til at Vidar fekk bruke kokkekunstane til denne lekre retten!🍑

Fersken frå Storneset gard, kvit sjokoladekrem, grangele, sitronverbena, musli

Her er våre prisar på kjøt av ullgris, også kalla mangalitsa.Det er sannsynlegvis høgare pris enn kva du er van med, men...
24/09/2026

Her er våre prisar på kjøt av ullgris, også kalla mangalitsa.

Det er sannsynlegvis høgare pris enn kva du er van med, men vi kan nemne nokre ting vi set ekstra høg pris på:
•Alltid vore ute og beita i fjøre, eng og skog!
•Høg etekvalitet med mykje marmorert feitt!
•Eit lengre liv enn i moderne svinehald!
•100% antibiotikafritt!
•Mykje kos og kjærleik🐷

Kjøtet kan du kjøpe rett frå garden vår i Austefjorden og på REKO-ringen.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål 😊

22/09/2026

Marmorert kjøt av ungarsk ullgris/mangalitsa🐷
•Skinkesteik
•Ribbe med ruta svor
•Kjøtdeig
•Nakkekoteletter
•Koteletter
•Svineknoke
•Mørbrad
•Sideflesk (feks til bacon)
•Buklist
•Indrefilet
•Ytrefilet
•Labbar
•Flatbiff
•Bogsteik
•Spekk

17/09/2026

Fersken, ungarsk ullgris og vestlandsk fjordfe.
🍑🐖🐂
Tre ting du sannsynlegvis berre finn på Storneset samtidig.

14/09/2026

Vemodig å tenke på at så mange dyr har si siste natt hos oss etter å ha påverka kvardagen vår dei siste to åra!
Ullgris er fantastiske dyr, sosiale og kosete, som det vil vere eit tomrom etter når dei reiser.

Georg, rånen vår, går ikkje til slakt og er til sals viss nokon vil kjøpe han!!😊

13/09/2026

Vi skal sende gris til slakt på tysdag, og ullgrisane har så tjukk bust at dei må klippast viss grisen skal skåldast og ein skal få svor på ribba.

Vi har også merkt kvar gris på låra for å ha kontroll på kven som er eigar av grisen gjennom heile linja på slakteriet.

Det blir rart å skulle sende så mange dyr til slakt når vi har hatt gris i to år no, men vi har nye prosjekt på gong, så vi har nok å henge fingrane i!

Viss du ynskjer å kjøpe gris frå oss, kan du gjerne gje oss ein beskjed, så vil det vere mogleg å få ferskt kjøt ein kort periode før vi må fryse det ned.

Det blir lagt ut på matkurven.no så fort vi har kontroll!

Adresse

Austefjordvegen 1530
Volda
6110

Telefon

+4792467757

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Storneset gard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori